
Våre tilsette er her samla i våre lokaler på Husnes. Her disponerer me lager og snikkarverkstad.
Foto: BMS/Trygve Hansen.
------------------------------------------------------------------------------------------

ME HAR FLYTTA!
03.06.20/Velkomen innom våre «nye» lokaler i Bogsnes Næringspark, Husnes.
Foto: Richard/BMS |
SENK SKULDRENE OG NYT...
I 2018 kunne Byggmester Stensletten markera 5-årsjubileum. Me har frå starten av satsa på kompetansebygging blant alle våre tilsette, dette gjer oss i stand til å tilby kundane den beste kvalitet heile vegen i byggeprosessen.
Me kan tilby snikkarkompetanse og byggeledelse når det gjeld nybygg, renovering, komplette baderom. I tillegg tilbyr me vaktmestertenester for private-/og for t.d. burettslag o.l.
Me samarbeidar med nokre av Noregs største produktleverandørar av byggevare. Har i tillegg godt samarbeid med røyr-/og elektroleverandørar som gjer oss i stand til å vera totalleverandør. Som kunde får du levert alt på ein stad noko som forenklar det heile på beste måte.
Det å få handverkarar på besøk for å utføre arbeid, skal ikkje være ei utfordring. Med god planlegging og våre dyktige og hyggjelege tømrarar vil vi alltid gjera vårt beste for at byggeprosessen skal utførast slik at kunde set att med ein trygg og positiv opplevelse.
Ta kontakt med oss for ein hyggjeleg prat og evt. synfaring om du ønskjer dette. Hugs! Ingen oppdrag er for små.
Beste helsing
Byggmester Stensletten
Even Stensletten
dagleg leiar.
|
|